"Fordi eg betyr noko" Temakafe Førde

Event Date

Wednesday, 30 October 2019

Vi inviterer til temakafe der vi skal markere Verdsdagen for lindrande behandling. Lege Helge Sårheim i Palliativt team, Helse Førde, snakkar om tema «Fordi eg betyr noko». Palliasjon/lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg sjukdom og kort forventa levetid. Eit av dei mest kjende sitat innan lindrande behandling er: «You matter because you are you. You matter to the last moment of your life, and we will do all that we can to help you, not only to die peacefully, but to live until you die». Kva ynskjer du for dagane som ligg føre? Kva er viktig for deg no? Dette er spørsmål som vert stilt i samtale med pasienten. Vi ynskjer å sjå heile mennesket, ikkje berre sjukdomen. Som lege i palliativt team, har Helge Sårheim eit sitat med seg i møte med pasienten og dei pårørande. Sitatet er slik: « Det ligg ein roman i eit kvart menneske sitt liv». Levd liv set spor etter seg, og denne kvelden vil Helge dele tankar med oss omkring dette tema i møte med pasient og pårørande. Temakafeen er denne kvelden eit samarbeid mellom Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest og Helse Førde. Denne kvelden er open for alle og du er hjarteleg velkomen til temakafe. Enkel bevertning.

Location

  • Country: Norway
  • City: Førde

Contact

  • Organiser: Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, Kreftforeningen og Helse Førde
  • E-Mail: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Contact Us

  34-44 Britannia Street, London, WC1X 9JG, United Kingdom

  e-mail: info@thewhpca.org

Terms of use | Disclaimer | Cookie Policy | Privacy Policy

  

Newsletter

Subscribe to receive our newsletter:Subscribe